Samlingane

Ynskjer du kopiar frå samlingane, er det meste av materialet vårt tilgjengeleg for dette. Du kan få lyd- og filmkopiar i fysisk format (CD og DVD) eller som digitale filer.
Notar frå samlingane etter Knut J. Heddi.
Notar frå samlingane etter Knut J. Heddi.

Dette er noko av det du kan finne på Agder folkemusikkarkiv:

Lydopptak

Arkivet inneheld 35 000 musikkutt (pr. mai 2024).
Innsamlingsarbeidet pågår kontinuerleg.

“Stevbasen”

På nettsidene våre er det ein søkbar database på ca. 2500 stev.
Her kan du finne stev til alle slags høve.

Notar

Handskrivne og trykte notar av både slåttar og vokalstoff
Me har også eksemplar av “nye verk” som er
komponerte på grunnlag av folkemusikk frå Agder.

Tekstar

Handskrivne og trykte tekstar av vokalstoff frå private
og offentlege samlingar (salmar, viser, stev m.m.).

Biletsamling

Innsamling av fotografi av tradisjonsutøvarar frå Agder er ein viktig del av dokumentasjonsarbeidet vårt. Me har fleire tusen foto i samlinga vår.

Video/film

Mykje av dokumentasjonsarbeidet vert gjort på digitalvideo.
Arkivet driv også innsamling av gamle private smalfilmopptak med dans og spel. Me har film av kappleikar og konsertar heilt attende til 1950-åra.

Anna

  • Fagbibliotek med bøker/trykksaker som omhandlar
    tradisjonell musikk og dans på Agder. Me har over 300
    utgjevingar frå ein periode på over hundre år.
  • Musikkbibliotek med fonogramutgjevingar (EP, LP, MC, CD)
    med agdermusikk.
  • Klypparkiv med fagartiklar frå aviser, tidsskrift m.m.
  • Tradisjonsstoff etter andre innsamlarar og kopiar med
    agdermateriale frå andre folkemusikkarkiv.
  • Digitalisert og søkbar samling av alle årgangane av
    Spelemannsbladet/Folkemusikk (frå 1941 og fram til i dag).

Innsamlingsarbeidet går føre seg kontinuerleg, så samlingane våre er i stadig vekst.

Miksepult for lyd og film
Miksepult
Foto frå fotosamlinga
Frå fotosamling gitt av Liv Greni.