Tii renne å alli snåvar
ho fere fortar hell hesten tråvar.
Der fer en vetre, så fer a vår
Så renn a sumår, så gjeng a år.
Nystev frå Setesdal
Dikta av Tarald Jonsson Uppstad (1861-1925)
Agder Folkemusikkarkiv vart etablert i 1998 og er ei fylkeskommunal verksemd. Arkivet har to tilsette: Harald Knutsen og Daniel Sandén Warg.
Folkemusikkarkivet held til på Setesdalsmuseet, som ligg på Rysstad i Valle kommune. Her har me trivelege lokale med eige lytte-/studierom der du uforstyrra kan lytte og leite i arkivet sine samlingar. Klikk på “Søk i samlingane” eller “Stevbasen” til venstre for å sjå kva du kan finne i arkivet vårt.

Rff-prisen 2017 til Leiv Solberg
Me gratulerar vår mangeårige styremedlem Leiv Solberg med Rff-prisen 2017! Frå nettsida til Rådet for folkemusikk og folkedans: Om Rff-prisen: Rff-prisen blir tildelt av Rådet for folkemusikk og folkedans til personer som har gjort en ekstraordinær innsats på...

Annbjørg Lien skriv doktorgradsavhandling om slåttar frå Setesdal.
Me har hatt triveleg besøk av Annbjørg Lien nokre dagar. Ho samlar materiale til doktorgradsavhandlinga si ved universitetet i Agder. Lukke til Annbjørg - spennande! Sjå fleire bilete på Facebook

Folkemusikk frå Åseral på plate
Opptaksdag med folkemusikk frå Åseral. Mari Ormberg (hardingfele) og Kari Røynlid (song). Etterkvart plateutgjeving på Etnisk musikklubb.

Slått og stev i Setesdal
NRK-programmet blei sendt første gong sundag 27. desember 1970. Eit flott program om folkemusikk, dans og stev frå Setesdal. Klikk på bilete for å gå til NRK sine nettsidar