I slutten av april gjorde me opptak med Olaf Moen frå Søndeled i Aust-Agder. Han song inn tradisjonsmateriale frå heimefylket sitt, og spelte inn slåttar frå agderfylka på langeleik. Det er viktig for folkemusikkarkivet også å dokumentere dei yngre tradisjonsbærarane i distriktet vårt.