Agder folkemusikkarkiv har digitalisert alle årgangane av Spelemannsbladet frå 1941-2009, og bladet Folkemusikk 2010-2015. Samlinga er søkbar. I samarbeid med FolkOrg ynskjer me å leggje ut dette som ein søkbar nettressurs tilgjengeleg for alle. Tidspunkt for dette er framleis usikkert, då me jobbar med å klarere jusen på opphavsrett m.o.t. ein slik publiseringsløysing. Dette bladet har vore hovudtidsskriftet til det norske folkemusikkmiljøet i snart 80 år, og er soleis ein stor ressurs når det gjeld historiske artiklar om spelemenn og slåttar, kappleiksresultat, biografi, diskusjon og debatt, kulturpolitikk med fokus på den norske folkemusikken m.m.m..