Samlinga inneheld no ca. 4500 foto. Her er eit lite utval:

Annbjørg Lien på folkemusikkarkivet
Annbjørg Lien besøker Agder folkemusikkarkiv. Foto: Harald Knutsen

Spelemenn på tur
Her ser me ein lystig spelemannsgjeng på tur. Biletet er vel antakeleg frå 50-talet..? Me kjenner att dei to til venstre, Såvi S. Rysstad og Otto Furholt. Er det noken som kjenner dei hine?

Den kjende felemakaren Gunnar M.A. Røstad (1874-1947) var frå Øvrebø i Vest-Agder. Han var også spelemann, og her ser me Røstad (t.v.) ihop med Nils Grindland (1876-1969) frå Finsland.

Samuel Mydland
Samuel Mydland budde på Naglestad i Hægebostad (Vest-Agder). Han spelte mykje religiøse songar, og nytta fela som akkompagnement då han syng.
Her spelar Samuel og Harald Knutsen ihop.

Her er eit hittil ukjend bilete av den viktige tradisjonsbæraren Knut J. Heddi (1857-1938) frå Hylestad i Setesdal.

Andreas Hægestøyl frå Åmli.
Foto: Arne T. Aabø

Trygve Eftestøl (1901-1993)
Trygve Eftestøl frå Fjotland i Kvinesdal spelar i bryllaup 3.juli 1976.
Privat foto.

Tallak Hoslemo
Tallak Hoslemo frå Bykle reiste mykje rundt som emissær, og er kjend for sine songar der han akkompagnerte seg sjølv på fela. Han var ei viktig kjelde m.a. for Sondre Bratland.

Sigurd og Ella Fjeldstad
Fjellstadmusikk frå Holt i Tvedestrand, finnest på repertoaret til mange av dagens spelemenn. Dette er særs god dansemusikk.
Hovudkjelde var Sigurd Fjeldstad (1903-1984), som ofte vart akkompagnert av kona Ella på harpeleik.

To spelemenn frå Vegusdal
Otto Furholt (t.v.) står her saman med Jens Mykland, ei viktig kjelde til det gamle spelet frå Vegusdal.

Notto Strøymane
Notto Strøymane frå Hornnes var tømmerfløytar og spelemann.

Jens Røynlid (1899-1989)
Jens Røynlid frå Åseral var ei viktig songkjelde.
Foto: Liv Greni.

Halvdan Furholt
Halvdan Furholt (f. 1931) frå Vegusdal, busett i Songdalen. Han har vore ein viktig læremeistar, leiar og inspirator i folkemusikkmiljøet på sørlandet.

Gunnar Austegard (1883-1972)
Gunnar Austegard kom frå Åseral, og busette seg på Hornnes. Han er kjelde for det gamle spelet frå Åseral, samtidig som han var utøvar av setesdalstradisjonen.
Lærte mykje av Knut J. Heddi. Foto: Bjarne Bratås.

Anders Olsen (1896-1980)
Anders Olsen frå Åraksbø (Bygland) hadde eit særs eggjande spel, og var ein fantastisk dansespelemann. Han var av ei spelemannsætt som opprinneleg kom i frå Numedal. Foto: Bjarne Bratås

Ola A. Austenå (1891-1961)
Ola A. Austenå var ei viktig kjelde til det gamle tovdalsspelet.
Han var far til spelemannen Salve Austenå (f.1927), som no bur i Åmli.