I anledning av at folkemusikkarkivet er 20 år i 2018, markerar me dette med eit bestillingsverk av komponist Gaute Storaas. Dette vert framført under konsertane til Kristiansand symfoniorkester på torget i Kristiansand («KSO på torvet») fredag 17.august og under Arendalsuka («Le Grand Finale» i Store Torungen) laurdag 18.august.
Begge konsertane er gratis.

Tre unge musikarar med tilknytning til Agder sin folkemusikktradisjon; Johanne Flottorp (hardingfele), Guro Kvifte Nesheim (hardingfele) og Åsmund Solberg (gitar m.m.), vil i samspel med symfoniorkesteret framføre bestillingsverket, bygd på to tradisjonelle slåttar frå Agder: Brudemarsj frå Sirdal og gangaren Kjempe-Jo frå Tovdal.
Det er ein allsidig konsert Kristiansand symfoniorkester har sett ihop, med kjende klassiske stykke, pop (Tom Hell og Marte Wulff), og arrangert folkemusikk frå Agder.
Sjå vedlagt link med program og biografi om utøvarane.

Vel møtt til ei flott musikkoppleving!
https://www.kilden.com/…/kristiansand-symfoniorkester-pa-t…/

Johanne Flottorp Foto Heidi Furre

Johanne Flottorp. Foto Heidi Furre

Guro Kvifte Nesheim

Guro Kvifte Nesheim

Åsmund Solberg Foto Viktor Reuter

Åsmund Solberg. Foto Viktor Reuter

 

Translate »