Organisering

Agder Folkemusikkarkiv skal ha eit frittståande styre på tre medlemmer, som vert oppnemnd av fylkesrådmennene i fellesskap.  Grammofon

Styret for Agder Folkemusikkarkiv 2017- 2018:

1. Styreleiar: Anne Tone Hageland, fylkeskultursjef i Vest-Agder
Vara: Kenneth Andresen, regionalsjef i Vest-Agder fylkeskommune.

2. Hege Solli, kultursjef i Aust-Agder.
Vara: Hilde L. Austarheim, konservator NMF/etnolog på Aust-Agder museum og arkiv. .

3. Leiv Solberg, folkemusikkredaksjonen i NRK.
Vara: Kirsten Bråten Berg, kvedar og sylvsmed.

Styreleiarfunksjonen går på omgang mellom fylkeskommunane sine styremedlemmer.

Styret skal:

  • Ha ansvar for drifta av arkivet innanfor dei rammer fylkeskommunane vedtek.
  • Fremje budsjettframlegg for arkivet.
  • I samråd med fylkesrådmennene tilsetje dagleg leiar og anna fast personale.
  • Fastsetje organisasjonsstruktur.
  • Vedtake eventuelle retningsliner for dagleg leiars arbeid.
  • Godkjenne innsamlings- og formidlingsplanar.


Mål og retningsliner:

  • Å etablere og drive arkiv for folkemusikk og folkedans i Agder.
  • Å sikre at eldre og nyare folkemusikk og folkedans i Agder vert teke vare på for framtida.
  • Å bidra til at formidling av folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Agder styrkast.
  • Å halde arkivets funksjonar lett tilgjengelege for brukarane.
  • Å aktivt spreie informasjon om og tilby arkivets tenester ovanfor kommunane i Agder, institusjonar, organisasjonar og enkeltpersonar.
Translate »